Kontaktperson | Lars Selheim |
Adresse | Selheimsvegen 126 5706 Voss |
Telefon | 97196813 / 97609386 |
Lengdegrad | 6.544703 |
Breddegrad | 60.662253 |
Me leverer ureist og lokal mat med høg kvalitet frå Voss. Voss Gardsslakteri er ei lita famileverksemd på garden Selheim på Voss. På garden har me mjølkekyr og purker. Det unike med våre produkt, er at slakting og foredling skjer på same staden som dyra veks opp. Me har eige utsal av kjøtvarer på garden, og har ope kvar dag.
Hjå oss får du ferskt kjøt, spekemat av utegris og spekekjøt (fenalår) av fjellam frå Voss. Me har heile langtidsmodna spekeskinker og utbeina spekeskinker. Me lagar Selheimskorv, bratwurst med ramsløk, pinnakjøt, bacon, kjakebacon, spekepølse, lettsalta lammebog og røykekjøt av lam og gris.
På garden har me mjølkekyr, gris og grasfôra ammekyr av Vestlandsk fjordfe. Frå mai til desember har me dyra ute på beite og i skogen rundt garden. Grisene får slik utføra sine naturlege handlingar med å rota i jorda, eta gras, buskar og røtter. Me ynskjer at dyra våre skal unngå ein lang transport til slakteriet, og god dyrevelferd heilt fram til livets slutt er avgjerande for oss og for kundane våre. I tillegg vert kvaliteten på kjøtet høgare, og med ein betre smak når ein unngår stress hjå dyra.
Me slaktar og foredlar storfe, gris og lam. Hovudsakleg kjem dyra frå eigen gard, fjellam vert innkjøpt frå gardsbruk i nærleiken.
Me er medlemmer i Reko-Ringen Åsane, Fyllingsdalen og Voss. Dette er grupper på Facebook der du som kunde bestiller varer hjå ulike produsentar av lokalmat, og hentar på faste stader på avtalt tidspunkt.