Steinstø Fruktgard

Det er bratte lier i Steinstø, men epletrea har klora seg fast i generasjonar.   Fotograf: Katrine Helgheim

Steinstø fruktgard tek mot grupper på bestilling. Dei kan få gaida omvising i frukthagen og mat i gardsrestauranten Kjedlaren, og dei kan tilmed få smaka husets heimelaga eplesider.   Fotograf: Katrine Helgheim

Grupper får tilbod om ei gaida omvising i frukthagen i Steinstø. Spesielt i bløminga om våren er det ei magisk oppleving.   Fotograf: Katrine Helgheim

På Steinstø fruktgard pressar Arnvid råsaft or eple frå garden. Safta vert servert til gjester eller selt til folk som skal nyta henne som ho er, eller laga sider av henne.   Fotograf: Katrine Helgheim

Gardsrestauranten Kjedlaren har plass til inntil 70 gjester. Her kan ein koma kvardag eller fest og nyta Heidi sin heimelaga tradisjonsmat.   Fotograf: Katrine Helgheim

Steinstø fruktgard er kjend for Heidi si smakfulle eplekake, laga med eple frå garden. Kaka står på menyen i Steinstø frukt- og kakebu, gardsutsalet som ligg like ved fylkesveg 7 i Steinstø.   Fotograf: Katrine Helgheim

Steinstø fruktgard har ikkje berre gardsrestaurant, men òg tilbod om catering. Heidi og hennar tilsette leverer alt frå snittar med godt pålegg til koldtbord og tapas.   Fotograf: Katrine Helgheim

Steinstø kakebu byd på god atmosfære i vakre omgjevnader. Middag, dessert, rundstykker, vaflar, kaker og kaffi er mellom produkta på kafémenyen. Kafeen er open i sommarhalvåret. Det er òg fruktutsal i bua, og ein kan kjøpa ei rekkje smakfulle produkt frå garden og frå andre lokale produsentar i gardsmatutsalet.   Fotograf: Katrine Helgheim

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Fyksesundvegen 768
5612 Steinstø
Telefon 92252637 / 99691527
Lengdegrad 6.286333
Breddegrad 60.393151

Velkomen til Steinstø Fruktgard! Du finn oss nær ved fylkesveg 7, turistvegen gjennom Hardanger. Me har ein vakker frukthage, ein gardsrestaurant, eit frukt- og gardsmatutsal, og ein kafé med vedunderleg utsikt.

I sommarhalvåret har me kvalitetsfrukt og -bær, heimelaga eplemost, syltetøy og gelear, smurde lefser, eplekaker og mangt anna godt. Alt vert selt i Steinstø Frukt- og Kakebu, som ligg kloss i turistvegen. Der er det både utsal og kafé.

I utsalet finn du ikkje berre produkt frå garden, men også mat frå andre lokale leverandørar. Du kan nyta kafématen ute eller inne saman med den vakre utsikten over Hardangerfjorden og Folgefonna.

I gardsrestauranten Kjedlaren i gardstunet tek me imot større og mindre grupper på førespurnad. På menyen står god, heimelaga tradisjonsmat.

Les mer