Sørumgård Syse ANS - Dovrelam

  Fotograf: Maria Kampesæter Kleiven

  Fotograf: Maria Kampesæter Kleiven

Nydeleg fenalår frå Dovrelam   Fotograf: Maria Kampesæter Kleiven

  Fotograf: Maria Kampesæter Kleiven

Heile familien samla på setra. Her trives både vi og gjestane våre godt!   Fotograf: Maria Kampesæter Kleiven

Setra.   Fotograf: Maria Kampesæter Kleiven

Heile sider med pinnekjøtt som akkurat er hengt til tørk på stabburet.

Fenalåra heng til tørk på stabburet på tradisjonelt vis. Fenalåra heng til tørk i minst 6 månadar, men gjerne også i 1,5 år.

Lammerull

Pinnekjøtt - klart til pakking

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Ellen Marie S. Syse
Adresse Romsdalsvegen 290
2665 Lesja
Telefon 95860294
Lengdegrad 9.051361
Breddegrad 62.093659

Sørumgård Syse - Dovrelam er ei lita familiebedrift på Lesja, øverst i Gudbrandsdalen. Med utgangspunkt i garden og garden sine ressursar tilbyr vi fyrsteklasses produkt av lammekjøtt, overnatting på setra på Dovrefjell og aktivitetar i tilknytning til garden og setra vår.

Med utgangspunkt i råvara lammekjøt frå frodig, smaksrikt høgfjellbeite på Dovrefjell, kombinert med gode og lange mattradisjonar frå både Gudbrandsdalen og frå Hardanger, ønskjer vi å tilby fyrsteklasses matopplevingar! Lammekjøttet sel vi i gardbutikken vår, på Bondens marked og gjennom Gudbrandsdalsmat.

På setra har vi overnatting for opp til 5-6 personar i det gamle seterhuset. Setra er eit flott utgangspunkt for turar i fjellet og det er gode sjansar for å få helse på nokre av sauene våre. Fint for barnefamiliar. Vi kan foreslå turar og også legge opp guida fjellturar (familieturar) i området rundt setra.

Les mer