Adresse | Fagerven 5 6530 AVERØY |
Telefon | +4745851766 |
Lengdegrad | 7.501258 |
Breddegrad | 62.959599 |
Hansgarden Kornstad ligg på indre Averøy, Nordmøre, 13 i bil frå Atlanterhavsvegen. Vi leiger ut husrom i eit naturvakkert fjordlandskap. Sjå foto og meir på airbnb.com Vi har og eit kurstilbod i sommar. Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik har kurs i låtskriving m.m. Les meir på heimesida: http://www.hansgardenkornstad.com
Hansgarden ligg idyllisk ved Kornstadfjorden, 13 minutt i bil frå Atlanterhavsvegen. Kornstad er ein stille og roleg plass. Du kan fiske, gå fjelltur, rusle i stranda, slappe av i hagen og sjå på hane, høner, sauer, kanin og utekatt. Hovudhusa blei bygd i 1847. Opp gjennom historia har det vore skysstasjon, postkontor, telegraf, bankfilial og butikk i huset. Til garden høyrer det mykje skog, fjell og kystlinje i tillegg til ein fin hage.
Her kan du altså vakne til synet av fjord og fjell, lukt av syriner, sjasmin og kaprifolium. Les og sjå foto her. Hansgarden Kornstad på airbnb
Gjennom året driv vi med formidling av kultur, særleg handarbeid. Vi har óg ein landsbruksdel. Sommaren 2016 blir det kurs i låtskriving, song og sceneformidling med Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik som lærarar. Les meir på heimesida vår
http://www.hansgardenkornstad.com/sommar-16
Velkomen til Averøya!