Kalven Seter

Baristabudeia byr på nydelege rømmevafler og nykverna kaffe!   Fotograf: Marit Sletten

  Fotograf: Marit Sletten

  Fotograf: Marit Sletten

  Fotograf: Marit Sletten

  Fotograf: Terje Formo

Nydeleg vær og mykje folk på Kalven i påska!   Fotograf: Terje Formo

  Fotograf: Marit Sletten

Moro på Kalven for liten og stor!   Fotograf: Marit Sletten

Vi sel kaffe frå Solberg og Hansen i laus vekt og!   Fotograf: Marit Sletten

  Fotograf: Marit Sletten

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Sandvær Anne-Mari
Adresse Ottadalsvegen 3728
2683 Tessanden
Telefon 976 26 554
Lengdegrad 9.070244
Breddegrad 61.759318

Velkomen til Kalven Seter og Noregs mest unike kaffebar! Vi har laga ein urban kaffebar i ei gammal seterstuggu. Her serverer baristabudeia deg nykverna og nytrakta svart kaffe, mjølkebaserte espressodrikkar, nysteikte vafler og anna tradisjonsbakst i ei triveleg og avslappa atmosfære. Nyt smakane og omgjevnadene i ro og mak med ekte og gode smakar!

Kalven Seter er ei gammal seter med 8 hus frå 1800-1900-talet. Setra ligg idyllisk til i sørenden av Lemonsjøen, like ved rv. 51, Valdresflyvegen, eit stutt steinkast frå Jotunheimen og eit litt lengre kast frå Rondane og Dovrefjell. Da vi kjøpte setra i 2001 var alle husa falleferdige. Vi har plukka ned og sett opp att alle husa. Kom å sjå kor fine husa har vorte! Setra ligg like ved bilvegen, så om sommaren kan du gå eller køyre heilt fram til døra. Om vinteren kan du skli innom, da skiløypa går rett gjennom setertunet. Skli elller rull innom for å få deg ein kopp med nydeleg kaffe frå Solberg og Hansen! Ute på tunet kan du kose deg med ein god kopp kaffe ved bålpanna eller du kan kaste hestesko, mjølkespann, dra tau, skyte med pil og boge eller ta deg ein tur på hesteryggen. Vi arrangerar konsertar og har ulike utstillingar i husa våre på bestemte tidspunkt. I desember arrangerar vi julemarked i samarbeid med Lemonsjø Fjellstue og lokale produsentar. Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Kalven Seter - Smaken av lykke!

Les mer