Kontaktperson | Ragnhild Bjåen |
Adresse | Bjåen 4755 Hovden |
Telefon | 97155908 / 37885700 |
Mobiltelefon | 97155908 |
Lengdegrad | 7.453891 |
Breddegrad | 59.639942 |
Det gamle sveitsarstilhotellet har ei god atmosfære og mykje historie i veggane. På Bjåen Fjellstove ynskjer me å gje deg ekte og gode opplevingar gjennom mat og husrom. Bjåen Fjellstove har 12 rom som alle har sin eigen gamle stil. Til saman er det 24 sengeplassar. Godkjent av Norsk økoturisme. Me driv også Bjåen Fjellgard, som er landets høgstliggande mjølkeproduksjon.
I 1938 vart Bjåen Fjellstove sett opp på Bjåen, ein av dei høgstliggande gardane i Setesdal. Det store huset i sveitserstil vart flytta frå Tokke, der det var bygd i 1884. Då heitte det Hotell Børte og var eit av dei finaste hotella i området. Stokk for stokk var det tatt ned, og bygd opp att. Mykje av inventaret fylgde med, og står enno i huset. På Bjåen vart Fjellstova drive med fullpensjon fram til 1972, og mange jegerar, fjellvandrarar og gjennomreisande har overnatta her.
Me starta opp att med servering og overnatting på Bjåen Fjellstove i 2007. Gardsturismeprosjektet har me kalla ”Heimslege gleder og gamle draumar”, og me ynskjer å gje gode opplevingar i eit autentisk og ekte miljø. Me ynskjer også å formidle kunnskap om kulturen og naturen som har vore livsgrunnlaget her i fjellgardane i alle år.
Bjåen ligg på 900 m.o.h., der Setesdal austhei og vesthei møtest. Bjåen har alltid vore eit knutepunkt mellom aust-, vest- og sørland. Bjåen ligg midt mellom DNT sitt løypenett frå Haukelisæter og vidare til Tjørnbrotsbu.Terrenget er flott og lett tilgjengeleg for turar både sommar og vinter.
Det er mogleg å låne båt og fiske for overnattingsgjester.
Godkjent av Norsk økoturisme.