Svanøy Røykeri AS

  Fotograf: David Zadig

  Fotograf: David Zadig

  Fotograf: David Zadig

  Fotograf: David Zadig

  Fotograf: David Zadig

  Fotograf: David Zadig

  Fotograf: David Zadig

  Fotograf: David Zadig

  Fotograf: David Zadig

  Fotograf: David Zadig

  Fotograf: David Zadig

Bondens Marked
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Gro Sveen
Adresse 6914 Svanøybukt
Telefon 57 74 71 02
Faks 57 74 13 45
Mobiltelefon 40408141
Lengdegrad 5.114914
Breddegrad 61.491948

Kombinasjonen av lokale råvarer, gamle røyketradisjonar og varsam handtering av kvar laks gjer Svanøy Røykeri AS til ein av dei fremste leverandørane av høgkvalitets røykelaks i Norge. Våre produkter: Røykelaks, marinert røykelaks, gravlaks og varmrøykt laks pakka i eksklusive gåveesker.

Svanøy Røykeri AS står i dag for produksjon og sal av røykelaks, gravlaks og varmrøykt laks.
Hausten 2012 flytta Svanøy Røykeri ut frå driftsbygningen til Svanøy Hovedgård som har vore produksjonslokala sidan 1992 og inn i nytt moderne bygg på Sanden ved Svanøybukt kai.

Svanøy Hovedgaard er eit gamalt fute- og adelssete frå 1600-talet. På sitt største omfatta den 339 gardar og 759 leilendingar og nær halvdelen av den samla skuld i Sunnfjord. På 1800-talet vart garden drive av Haugianar-rørsla, og i perioden fram mot 1900-talet var det stor aktivitet på øya med m.a. gruvedrift, båtbygging, saltproduksjon og jordbruk. I 1972 vart garden overdrege til Svanøy Stiftelse for ivaretaking og restaurering av det freda gardstunet.

Spesialiteter

Strategien til Svanøy Røykeri AS er å produsere, marknadsføre og selje produkt basert på råvarer frå Svanøy. Vi driv heile tida med produktutvikling, noko som har resultert i mange spennande og gode varianter. Også då prøver vi å ta utgangspunkt i kva naturen på Svanøy har å tilby.
Eit godt eksempel på det er vår porsmarinerte røykelaks. Til den har vi laga vårt eige porsbrennevin som laksen vert marinert med. Høg kvalitet er eit varemerke, og målsettinga er ikkje å bli størst men best innan vår nisje.

Utsalgssted

Produkta kan kjøpast ved besøk, ved bestilling over mail, tlf eller i vår nettbutikk www.shop.svanoylaks.no - . Vi brukar posten/bring til distribusjon, og kan sende laks over heile landet utan problem.

Der er også fleire utvalde butikkar som sel laksen vår i dag i Florø, Naustdal, Førde, Svelgen, Sogndal, Straumsnes, Nordfjordeid, Byrkjelo, Sandane, Jølster, Bergen, Os, Knarvik, Åsane, Lom, Tinn, Oslo, Bærum og Asker.

Eit besøk på Svanøy er å anbefale for dei som er interessert i historie, likar vakker natur og ønsker ro. Aktivitetar i naturen er også eit nøkkelord når ein besøker Svanøy. Flotte sykkelvegar, oppmerka stiar og lune gjestehamner ligg og ventar.

I tillegg kan ein få omvisingar på Svanøy Hovedgaard og Kvalstad Gård/Norsk hjortesenter.

Våre produkter:

Røykelaks og gravlaks

Laksen kjem i hovudsak frå familiebedrifta Marø Havbruk på Svanøy, samt andre lokale opprettarar som sikrar topp kvalitet på produkta våre. Kvar lakseside veg omlag 1,2 kg og er tørrsalta med ei salt/sukker blanding, og røykt med einer frå Svanøy. Vi har 7 ulike sortar røykelaks og 1 gravlaksvariant.
Svanøylaksen er eit gourmetprodukt i verdsklasse.

Innhold: Vakumpakka lakseside; røykt eller grava
Produktmengde: 1,2 kg pr. side eller biter på ca. 300 g. Pakker ferdig skivet ca 100 gram
Levering: Laksen vert sendt med Postens "Bedrift dør - dør tjeneste".
Betaling: Faktura

Tradisjonell laks:

Dette er den klassiske einerrøykte laksen.

Krydder laks:

Einerrøykt laks krydra med kraftige kryddersmakar.

Kvitlauk laks:

Einerrøykt laks marinert med kvitløk og sitronpepar.

Cognac laks:

Einerrøykt laks marinert med Bache Gabrielsen.

Aquavit laks:

Einerrøykt laks marinert med Linie aquavit.

Pors laks:

Ein ekte Svanøy-variant, med pors plukka på Svanøy.

Ramsløk laks:

Også ein egen Svanøy variant, med Ramslauk plukka på Svanøy

Svanøytrio:

Einerrøykt laks som er delt i tre bitar og marinert:

Trio 1: Kvitlauk, cognac og krydder.

Trio 2: Tradisjonell, pors og aquavit.

Perfekt som gåve ved ulike høve.

Gravlaks:

Laksen blir grava på tradisjonell måte med dill, kvit pepper, salt og sukker.

Varmrøykt laks:

Svanøylaksen kjem i all hovedsak frå familiebedrifta Marø Havbruk på Svanøy.
I moderne lokale på Svanøy blir det produsert eit ekte handverksprodukt.
Fisken vert tørrsalta og røykt med spon frå det lokale båtbyggeriet.

Varmrøykt laksen kan kjøpast i biter som veg ca. 350 gram og vert vakuumpakka i flott design.

Innhold: Vakuumpakka, varmrøykt laks
Produktmengde: Biter på ca 350 gram.
Levering: Laksen blir sendt med postens "Bedrift dør - dør tjeneste".
Betaling: Faktura

Naturell varmrøykt laks:
Varmrøykt laks naturell ein variant uten marinade.

Krydder varmrøykt laks:
Varmrøykt laks som er marinert med Svanøy spesial krydder.

Ramsløk varmrøykt laks:
Varmrøykt laks marinert med ramsløk som er sjølvplukka frå Svanøy.

Laksogram:

Du forfattar ei personleg helsing. Vi skriv helsinga di på våre spesielle laksogram og sender laksen til den du ønskjer.

Dette kostar kr. 20,- pr. helsing.

Svanøylaksen er like spesiell som staden den kjem frå.

Les mer