Kystvilt AS

Bondens Marked
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Bjarte Mads Midtbø
Adresse Furset
6964 Korssund
Telefon 977 18 528
Mobiltelefon 97718528
Lengdegrad 5.050444
Breddegrad 61.282858

Garden og produksjonsbedrifta ligg på Furset i Ytre Fjaler. Heile distriktet rundt oss er uvanleg rikt på hjort. Garden ligg på sørsida av Vilnesfjorden, som var ein attraktiv fjord under krigshandlingane i siste verdskrigen. Fleire synlege merke etter denne tida finst her. Distriktet har rike funn av gravhaugar frå vikingtida, og i Korssund har vi ein steinkross frå Olav Tryggvasson si tid

Jakt og fiske har lange tradisjonar i Sogn og Fjordane. Vårt mål er å bygge vidare på dette ved å bearbeide godt norsk viltkjøt. Viltbestanden har auka eksplosivt i fylket dei siste 20 åra og krava til jeger og leverandør har auka i takt med dette.

Hjorten beitar i alt frå høgfjell til skog og utmark, også heilt nede ved kysten. Dessutan finn vi hjort på somme av øyane. Matvanene til hjorten er difor heilt naturlege og avhengige av områda, og set eit tydeleg preg på kjøtet. Knoppar og kvistar frå blant anna rogn, bjørk og alm gir ein merkbart sterkare viltsmak enn hos oppdrettshjort som nærer seg mykje på kraftfôr.

På garden Skogheim på Furset i Fjaler starta vi for nokre år sidan kontrollstasjon og mottak for handsaming og vidaresal av hjort. Her får du både fersk, fryst og speka hjortekjøt. I tillegg til at vi har utsal på garden, er produkta å få tak i på Bondens Marknad i Bergen gjennom heile året, samt på store matfestivalar om sommaren. Årets høgdepunkt er Gladmatfestivalen i Stavanger, med kring 100 utstillarar og 250 000 gjestar frå heile verda!

Les mer