Alvavoll Frukt og Sidergard

Framme på Alvavoll, tek me ein skål på tunet. Me har flott utsikt over heile Lofthusbygda, gardane, fossen Skrikjo og dei mektige Velurefjella. Me snakkar sidereventyret, Alvavoll sin produksjon, historien om garden, folkene og smaken på dei ulike sidrane. Har du allereie ein favoritt?   Fotograf: Halldor Alvavoll

"Sider frå Hardanger" er ein geografisk beskytta benevnelse. Me kan tilby både Sider frå Hardanger, men òg sider med tilsetningar. Gjennom smakinga vil du gjerne smake på 4-5 ulike typar sider og eplemost. Me har alkoholfritt alternativ med ulike typar eplemost. Produkta våre er kortreiste, og du får kun kjøpe dei her på garden i vår eigen gardsbutikk.   Fotograf: Lisa Alvavoll

På sidersmaking hjå oss får du vandre langs fruktstien, vere tett på velstelte frukttre og nyte synet av endelause rankar. Du kjenner lukta av moden frukt eller bløming og ser biene som arbeider flittig. Historien om munkane og korleis bøndene arbeider-den vert tydeleg formidla undervegs. Me legg vekt på eit ekte og heilheitleg konsept-der frukta og arbeidet til bonden står i fokus fyrste del av vandringa, for så å ende opp på garden og smake på ulike typar sider. Det er mange spørsmål som dukkar opp langs vegen.   Fotograf: Lisa Alvavoll

Sidersmakinga vert avslutta nede i Munkekjellaren i deler av ei røykestove frå slutten av 1700 talet. Du får helsa på sjølvaste Espe Knut-fyrste generasjon på Alvavoll. Det 200 år gamle Sylvstaupet som nyleg vart henta tilbake til garden heilt frå Amerika-kan du ta ein nærare kikk på eller eit besøk i microsideriet vårt. Me smakar på dei siste typane med sider, og om stemninga er ekstra god let bonden deg stemme i med "sidervisa". Munter og glad ruslar du heim mellom frukttrea med ein souvenir og to i posen.   Fotograf: Lisa Alvavoll

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Opedalsvegen 39-43
5781 Lofthus
Telefon 93834169
Lengdegrad 6.66075
Breddegrad 60.323065

Alvavoll Frukt og Sidergard er ein fruktgard på Lofthus i Hardanger. Garden er på 90 dekar og strekk seg godt opp i dalen. Bonden Harald(44) tok over garden i 2005 etter sine foreldre og Lisa(38) flytta inn i 2009. Me har to born, Halldor (11) og Symra (8), og 2 fjordhestar. Me dyrkar epler, plommer, moreller og pærer. hovudsakeleg til konsum. I tillegg vidareforedle me dei eplene og plommene som ikkje kan selgast. Av desse lagar me sider, eplemost og plommesylta. I tillegg lagar me honning frå eigne bier.

På Alvavoll er me oppteken av formidlinga av "det ekte". Me ynskjer å gje deg ei heilskapeleg oppleving og skreddarsyr gjerne eit opplegg for ditt firma eller vennegjeng om du ynskjer det. På sidersmakinga vektlegg me òg kulturformidling i tillegg til gode smaksopplevingar. Me starta med sider i 2018 og har ope heile året for smakingar og sal i eigen gardsbutikk. Frå 15 mai 2023 vil me ha tilbod om daglege smakingar (utanom sundag) i samarbeid med Opedalstunet. Onsdag-laurdag vil me òg tilby siderplanke og tapasfjøl som eit nytt konsept. Me har og løyve til å servere sider i hestevogna-og tek gjere eit bryllupsoppdrag. Ta gjerne kontakt på telefon eller e-post om du har nokon spørsmål! Gler oss til å sjå deg på besøk!

Les mer