Eenstunet

Utsiktbilete mot Voss sentrum

God stemning under låvebrua

Duka for selskap

Aktivitetspark

Barnevenleg og lite trafikkert tun

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Marit Een
Adresse Eensmoen 47
5710 Skulestadmo
Telefon 56 51 68 34 / 995 97 419
Mobiltelefon 995 97 419
Lengdegrad 6.443213
Breddegrad 60.665897

Eenstunet ligg like ved E-16, 6 km. nord for Voss sentrum. Garden vår ligg i vakker vestlandsnatur, med bratte fjellsider som strekkjer seg opp mot Lønahorgi på eine sida, og grøne skogkledde åsar på den andre. Utearealet er svært familievenleg med god plass å boltre seg på. Garden grensar til Strandavassdraget med fin ferskvassaure. Utgangspunktet er svært godt for ulike friluftsaktivitetar som jakt og fiske, fjellturar, rafting, sykling etc. Om vinteren er utearealet vårt glimrande for alle slags aktivitetar (skileik, akebrett, kjelke). Me har flott utsikt mot skianlegget i Bavallen, og køyretida herifrå er ca. 10 min. Eenstunet er eit flott utgangspunkt for dagsturar til Flåm, Bergen og Hardanger, eller dagsturen «Norge i eit nøtteskal».

Overnatting:

Stabburet har to leiligheiter, den minste er på 50m2 og har fire sengeplassar (to soverom). Den er utstyrt med komfyr, kjøleskap, oppvaskmaskin,TV, eige spisebord,dusj,WC og svært gode madrasser (Wonderland).I tillegg fins eindel mindre elektriske hjelpemiddel og utstyr elles for 4 personar.

Den andre leiligheita er på 75m2 og åtte sengeplassar (tre soverom).

Den har same utstyret som den forannemnde. For mindre lag eller vennegjengar (10-15 personar) høver det godt å leiga heile huset,det er blitt svært godt mottatt.

Gamlastovo frå 1870 har 9 sengeplassar fordelt på 4 soverom. Den har fullt utstyrt kjøkken, stove og bad med dusj, badekar og toalett. I tillegg er det eit toalett i 2. etasje

Kårhuset er på ca 80m2 med 4 soverom. Kårhuset har også minst åtte sengeplassar + alt utstyret som dei andre leiligheitene har. I tillegg eitt toalett i 2. etasje. Det er felles klevaskemaskin i eige vaskerom.

Serveringslokale:

Årestova frå 1665 vert nytta til sosialt samver både for overnattingsgjester,lag og organisasjonar. Det vert også servert frukost ved forespørsel. Årestova har open eldstad med hette over.Der er to langbord med plass til ca.20 personar. Det er ikkje elektrisk belysning i stova.Det er fullt utstyr til å servera både "middag og dram".

Det er laga eigne askefat for servering av spekemat etc.

Den eldste årestova vert nytta til røyking av kjøt og ølbrygging. Gjestene kan ta del dersom det høver slik eller avtala på førehand. Utearealet rundt tunet høver fint til spasering langs grusvegar eller meir utfordrande turar oppover lia langs merka stiar til utsiktsplassar.

Nedstelaoen er festlokale og gardsmuseum.

Mange vakre antikvitetar frå Een skapar ei unik ramme rundt tre langbord med plass til 50 gjester. Om naudsynt, supplerer me med fleire bord og stolar. Kjøkkenet er fullt utstyrt. Her er også industrioppvaskmaskin, kjølerom, fryseboks, komfyr, m.m.

Ein ideell stad for feiring av bryllaup, konfirmasjon, åremålsdagar eller slektstreff. Også for lag og bedrifter

Aktivitetar:

  • Fotballgolf: Flott 9 hols bane i velhalde kulturlandskap, aktiviteten passar godt både for familiar og grupper, lag og organisasjonar. Spennande aktivitet der "alle" kan delta, veldig sosialt der konkurranseelementet heile tida ligg i botnen og "triggar" deltakarane. Fire personar brukar rundt to timar på ein runde.Pris: kr 75,-pr. runde. Familiepris: 200,- Grupperabatt for lag, bedrifter og organisasjonar.
  • Merka løyper for turtimar: Fleire alternativ i nærområdet, den eine går til eit utsiktspunkt med kanskje den finaste utsikta under tregrensa på heile Voss
  • Gården har gode muligheter for fiske, småviltjakt som turistane har benytte seg av. Jaktkort vert ordna.

    Avskjerma flott grill- og bålplass med badestamp ved elva ca.50m frå tunet. Plass til ca. 20 personar i restaurert sommarflor (langbord og benker) Torvtak

    Elles er Voss eit eldorado for friluftsliv både sommar og vinter!

    Les mer