Bondens Butikk AS

  Fotograf: Borgny Sletten

  Fotograf: Borgny Sletten

  Fotograf: Borgny Sletten

Vi kjøper inn varer frå over 70 småskala produsentar over heile landet. Mykje frå Gudbrandsdalen.   Fotograf: Borgny Sletten

Velkomne på butikken vår, som ligg på Amfi Otta!   Fotograf: Borgny Sletten

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Johan Nygårdsgate 12
2670 Otta
Telefon 98468547
Lengdegrad 9.540152
Breddegrad 61.771982

Vi på Bondens Butikk ynskjer og vise mangfaldet småskala produsentane har! Med over 70 produsentar på innkjøpslista vår er vi godt i gang med det! Frå utegris i Heidal, til fisk frå blant anna Espedalen og Lofoten, sirup frå Oppdal, god drikke frå blant anna Toten og Øvre Eiker, sirupstynnkaker, pølser og ostar som er premierte i det Norske Måltid, lokale fargeklattar som såpe frå Skjåk og keramikk frå Valdres og mykje meire føler vi at vi når mange! Her kan ein finne bursdagsgåve til den som har alt, eller litt ekstra til helgekosen.

Bondens butikk held til på Otta, og har mykje lokale produkter, i tillegg til produkt frå småskalaprodusentar rundt om.

Småskalaprodusentane er arbeidsomme folk, som bruker mykje av tida si på å lage produkta sine.

Dei plukker bær, lagar sirup og syltetøy, dyrevelferden er viktig for å få gode produkt, og dei gjer det meste med vidareforedlinga av dyr sjølv.

Vi meiner desse flinke folka fortener ein fast plass og selge varer til. Og kundane kan ha ein fast plass og finne dei varene dei ynskjer.

I tillegg til sjølve vara høyrer det med ei historie til mykje av produkta våre. Vi kjenner produsentane og produkta deira. Mange av dei er og godt kjende frå Bondens Marked rundt om.

Vi ynskjer og gje kundane våre ein triveleg stopp på vegen mellom Oslo og Trondheim, Ålesund eller Førde.


Les mer