Galleri Hagalid

Gardstunet på Hagalid gard med Galleri Hagalid, Hjelmeland midt i Ryfylke. Høgt over Jøsenfjorden ligg den historiske garden med flott utsikt mot fjord, øyrike og fjell   Fotograf: Gunnar Ølmedal

I Galleri Hagalid får du møta kunstnarane på utstillingsopningar - sjå, lær og gled deg! Her viser bildekunstnar Jan Terje Rafdal arbeida sine.   Fotograf: Hanne Sundbø

Galleriet har enkel kafe som er ope under utstillingane - med uteservering i solveggen til Sofiehuset   Fotograf: Hanne Sundbø

Alltid himabakst og anna kortreist og ureist mat i gallerikafeen. Smak Hagalid bruker så langt som råd råvarer frå hage og utmark. Større meny for grupper på bestilling.   Fotograf: Hanne Sundbø

Nystova i Sofiehuset er kafe med utstilling.   Fotograf: Hanne Sundbø

I Eldhuset er det alltid mykje kunsthandverk å sjå, norsk keramikk og blåst glas.   Fotograf: Hanne Sundbø

På den guida rusleturen "Titt eg minnast ein gamal gard", får du ein titt inn i Kvedna over Hagalidbekken. Her får du sjå den store kvernsteinen som mol for mange under 2. verdskrigen, høgst ulovleg.   Fotograf: Hanne Sundbø

Smak Hagalid - Eit utval himalaga ureist kaffimat, uformelt servert i friluft med stor utsikt. me lagar til noko som passar t.d. for ei utlandsk gruppe som vil ha introduksjon om norsk tradisjonsmat og lokalt drikke: eplesider frå Ryfylke   Fotograf: Fredrik Bye / Discovery Route

Nyt maten i friluft, uformelt og godt sommarstid   Fotograf: Fredrik Bye / Discovery Route

Ein av dei store naturattraksjonane i Ryfylke og Hjelmeland, Skomakarnibbå kan du nå ved å starta på Hagalid. Mat etter turen kan du tinga på førehand i galleriet - i opningstida eller som gruppetilbod.   Fotograf: Hanne Sundbø

Samarbeidspartner Norsk Kulturarv
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Hanne Sundbø
Adresse Hagalidvegen 463
4130 HJELMELAND
Telefon 98219973
Lengdegrad 6.207301
Breddegrad 59.255284

Galleri Hagalid - utsikt med innsikt! Svolten på kulturelt påfyll og ein matbit? På Galleri Hagalid, høgt over Jøsenfjorden i vakre Ryfylke får du opplevingar du vil hugsa. Galleriet med kafeen er ope i fire utstillingsperiodar pr år med faste dagar; Vår, ein lang sommar, haust og førjulshelg og ikkje heile året. 2021: Sommarutstilling & kafe 12.6. - 29.8., 2-4 dgr/veke. Elles grupper på bestilling. Profesjonelle norske kunstnarar og kunsthandverkarar får delta i utstillingane saman med nokre utvalde handverkarar. Den sjøvbetente kafeen følgjer utstillingane med himalaga mat og eit vertskap som er på plass for deg . Vil du høyra om kunsten, gardshistoria til ein gard som var veg- og straumlaus til 1960 eller berre nyta utsikta, valet er ditt. Korte og lange turstier startar ved garden. Les oppdaterte detaljar om komande utstillingar og andre tilbod på www.hagalid.net eller facebook.

Galleri Hagalid ligg på garden Hagalid i Hjelmeland og har fire kunstutstillingar med enkel kafe årleg. I periodane i mellom opnar me for grupper på bestilling med servering og opplevingar.
Den store kollektive Sommarutstillinga er i 2021 frå laurdag 12.6. - 29.8.
(2-4 faste dgr/veke kl 11-17).
Alltid laurdagar og sundagar under utstillinga, i tillegg torsdag og fredag i juli + til 15. august. NB. Stengt 29.7.-1.8. (veke 30). Les meir

Galleriet byr på utstillingar med nye bilde frå fleire enn 35 norske profesjonelle kunstnarar og kunsthandverkarar, gjerne frå vestlandet. Keramikk og blåst glas er populært, men og tekstil og smykke. Nye kunstnarar sommaren 2021: maleri og grafikk frå Tom Erik Andersen, Julia M. Gilje og Anette Mehl Landmark, Rita Sørby med keramikk og Kari Selnes og Grete Skapreid med tekstil.
Den litle sjølvbetente kafeen som og er utstillingsrom er ope når galleriet er ope. Bestill gjerne bord for å sikra plass og mat (SMS, tlf eller epost og få stadfesting!), særleg viktig i 2021 pga smittevernet.

Galleriet er i to istandsette vakre og særprega gamle gardshus, Sofiehuset og Eldhuset. Vertskapen er alltid på plass for gjestene. Galleristen Hanne orienterer om kunsten, historier frå garden og husa og serverer. Maten og drikke er basert på ureiste og kortreiste råvarer frå hage og skog, himalaga og bygd på tradisjonar, oftast med ein krydra og personleg vri. Himlaga kraftig suppe kvar opne laurdag og sundag med himabakt flatbrød og brød. Kaffimat alle opne dagar. Frå 2021: Fleire sortar smakfulle lokale eplesider frå Hjelmeland.
Nydeleg uteplass der ein kan nyta mat og lokalt drikke i fint ver med utsikt over Hagalidvatnet.
Galleriet sin foldar for heile 2021

Galleriet er eit perfekt stopp på turen på Nasjonal turistveg Ryfylke, gjerne mellom Preikestolen og Trolltunga. Det er ca 1 time 15 minutt frå Hagalid til Stavanger sentrum med bil på Riksveg 13 etter opninga av Ryfast-tunnelane i 2020.

Tilbod om opplevingar og måltid for grupper, firma eller privat finst heile året. Me brukar Sofiehuset eller er ute i naturen og det vakre historiske kulturlandskapet. Den guida turen "Titt eg minnast ein gamal gard" saman med ein kulturell lunsj er populær. Turen blir nøye tilpassa kvar gruppe etter interesser og behov. Norsk og engelsk.
Me bryr oss om bærekraft, og Hagalid har ein av Norges første Klimaskoger gjennom Trefadder-ordninga. Me tek gjerne med ei gruppe på orientering om dette.
Feiring av bestemor, overraskingsfest for ein ven, avslutning for kollega? Me fiksar dette slik at det blir originalt og minneverdig.

Hagalid eir ein gamal heiagard med tunet 300 m over Jøsenfjorden og har og vanleg gardsdrift med sau, juletre og skogbruk. Den spektakulære Hagalidvegen opp frå Hjelmeland sentrum er 5 km lang. Frå p-plass 200 m før tunet går merka sti til fotturmålet Skomakarnibbå ca 700 m over Jøsenfjorden med storslått utsikt. De er også fleire korte merka turstiar rundt garden, alle med storslått utsikt.
Drifta på garden er moderne med produksjonane sau, skogbruk og julatre, noko me gjerne fortel om.

Om hausten er det sal av Hagalid jordskokk dyrka på kompost, kjærleik og gode samtalar.
Senk skuldrane og nyt aurefiske i Hagalidvatnet, frå robåt eller frå land. Det fjernar stress og gruff!

Les mer