Nordre Nes

Fire sortar Nordre Nes økologisk eplemost

Vinterlandskap

Frå gardsutsalget vårt

Debio Godkjent
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Tone Ness
Adresse Nesoddvegen 112
3810 Gvarv
Telefon 90915972
Lengdegrad 9.219827
Breddegrad 59.377758

Garden Nordre Nes ligg i eit tradisjonsrikt og vakkert fruktlandskap ut mot Norsjø ved Gvarv i Telemark. Her er klimaet spesielt bra for fruktdyrking, og på garden har det vore dyrka eple for salg i over 100 år. Nå er det Tone Ness og Mikkel Aanderaa som driv garden, og Tone er tredje generasjons fruktdyrkar på garden. Vi har eit gardsutsal med vår eigen eplemost; "Nordre Nes økologisk eplemost", samt økologiske eple og plommer i sesong.

Vi har 85 daa med epleproduksjon og 20 daa med plommer. Det meste av frukta leverer vi til grossist som spiseepler og - plommer, mens eplene som ville blitt utsortert pga småfeil leverer vi til pressing for vår eigen eplemost.

Vi får eplene våre pressa hos eit lokalt presseri. Vi haustar eplene ein dag og så neste dag køyrer vi dei til presseriet for pressing, og etter nokre timer er mosten klar! Når vi skal hauste eple til most måler vi sukkerinnhold og stivelse for å sjekke modningsnivå, men det aller viktigaste er å gå rundt i hagen å smake. Til Nordre Nes økologisk eplemost vel vi eple frå felt der epla har den aller beste smaken.

Nokre helger frå august-desember har vi ope gardsutsal. Her sel vi, etter sesong, økologisk eplemost og eplegele, økologiske eple, og plommer. Opningstider vert publisert på Facebook og Instagram

Vi pressar 3 sortar eple til most. Alle har ulike smaker, - nokre milde, nokre meir syrlege, men alle kan karakteriserers som søt-syrlige med frisk eplesmak, og passer fint som tilbehør til mat.

James Grieve: Rein, frisk og syrleg eplesmak.

Katja: Søt, rund og mild.

Discovery: Nydeleg eplearoma, fin balanse mellom søt og syrleg.

Les mer