FLATHEIM

  Fotograf: Kristine Folland

  Fotograf: Kristine Folland

  Fotograf: Kristine Folland

  Fotograf: Kristine Folland

  Fotograf: Kristine Folland

  Fotograf: Kristine Folland

I det freda storehuset har vi sommarkafe   Fotograf: David Zadig

På vårt friluftsområde har vi sjusteinsovnar som vi ofte brukar ved utandørs matlaging. Her er det også fleire hengekøyer, så ein kan fint ta livet med ro her på elvekanten.

Ved gapahuken er det bord både ute og under tak. Her er det fint å ta ein rast.

Pizza steikt i sjusteinsovn er ein delikatesse.

Hos oss kan ein stort sett kvar sommar sjå hesjing og hesjar. Dette er ein gammal metode for å tørke høyet før det kan takast i hus. Har du lyst å prøve?

Den eldste stova frå 1570-talet har bua dører som i middelalderen

På ein varm sommardag kan ein vere heldig å kunne ta ein dukkert i Gaula, om temperaturen og vassføringa i elva tillet det.

Karoline-rommet i det freda storehuset. Her kan ein sove i komfortable sengar, samstundes som ein kan kjenne på ein atomosfære som er 100 år tilbake i tid.

Bålkaffi kan ein av og til få smake ved gapahuken.

Lysthuset ved elva.

  Fotograf: Emil Rasmussen

  Fotograf: Emil Rasmussen

  Fotograf: Emil Rasmussen

  Fotograf: Emil Rasmussen

  Fotograf: Emil Rasmussen

  Fotograf: Emil Rasmussen

Glamping

Glamping

Glamping

4H-gård Norge Norsk økoturisme
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Gaularfjellsvegen 2275
6978 Viksdalen
Telefon +4746199597
Lengdegrad 6.276755
Breddegrad 61.33107

På Flatheim kan du finne roen. Her kan du oppleve naturen veldig nær, fjellet, elva, skogen, lyset og lydane. Flatheim er eit gardshotell som ligg ved Nasjonal Turistveg Gaularfjellet, mitt i det vestnorske fjell og fjord landskapet. Flatheim har vore ein stoppestad for reisande sidan 1950. Her kan du oppleve det ekte norske. Du kan sove i gode senger, og vakne til elvebrus og hanegal. Herifrå kan du vandre på Fossestien langs det verna Gaularvassdraget, eller du kan gå på toppturar, -små toppar eller store toppar. Det er også fint å prøve fiskelykka eller kanskje padle på eit fjellvatn. Flatheim er eit godt utgangspunkt for utflukter til fjordane, på under ein time kan du nå både Sognefjorden, Dalsfjorden og Førdefjorden. Kystlandskapet er berre litt lenger unna. Er du på køyretur forbi Flatheimi, kan du ta ein kaffistopp her. Vi har sommarkafe i høgsesongen Vi tek også imot grupper etter avtale for servering og historieforteljing. eller for aktivitetar på garden. Velkommen til oss!

Flatheim ligg i Viksdalen, tett ved Nasjonal Turistveg Gaularfjellet og det verna Gaularvassdraget, 430 moh. Garden har historie tilbake til 1949, då det vart eige bruk. Heilt frå starten har det vore drive gardsturisme i kombinasjon med tradisjonell gardsdrift. Det er no tredje generasjon som driv garden. I tillegg til det opprinnelege pensjonatet, har vi dei siste 10 åra utvida med fleire bygningar i tunet. Dei fleste bygningane er eldre hus som vi har flytta hit, restaurert og innreia til komfortable og hyggelege rom for gjester. Hos oss kan du overnatte i leiligheter, familierom eller dobbeltrom. Dei ulike einingane er lokaliserte i fleire hus i tunet, omringa av ein koseleg hage med bær, urtar og blomster, sitjegrupper og hagestove. Eitt av husa er eit freda, og den eldste delen er frå 1570. I denne bygningen har vi sommarkafe, og vi har lokale for selskap og møter. Tidlegare var det også bensinstasjon her, denne er no nedlagt. Den gamle “kiosken” til bensinstasjonen er no ein liten butikk med gåver, forfriskningar og lokale produkt.

Vi har eit fint friluftsområde ved elva, med gapahuk, bålpanner, og gruer, der ein kan grille, bade og kose seg i pakt med naturen rundt. Ved elva har vi også eit område med lysthus og badestamp som kan leigast. Våren 2023 vil vi også ha klar sauna ved badestampen, Garden er godkjent 4H-gard, og har også tilbod til barn, unge og vaksne om opplegg for aktivitet og læring etter avtale. Vi er også godkjent Inn På Tunet-gard. Garden har sjølvsagt dyr, og du kan treffe både sauer, høner og kattar med adresse Flatheim.

Frå juni 2023 kan velge å bu i glampingtelt ved elvekanten. Komfortabelt, men endå tettare på naturen. Glamping kan bookast via vår heimeside. Der kan du også sjå bilder.

Flatheim ligg omtrent midt i fylket, og er perfekt som base for utflukter til Sognefjorden, Dalsfjorden, kysten eller Jølster og Nordfjord. Lokalt er det fine turmogelegheiter, både toppturar, og lettare turstiar. Like ved, langs Gaulavassdraget ligg Fossestien, ein flott opparbeida sti, som snor seg langs elva, frå høgfjellet og ned gjennom bygda, forbi fossar og vatn i stadig skiftande terreng. Det ligg fint til rette både for fisketurar både i elv og vatn, eller padling i kano eller kajakk.

Gaularfjellet er også eit perfekt mål om du leitar etter fine MC-turar. Her kan du oppleve å cruise langs fjorden, gjennom frodige bygder, til høgfjellet, og ikkje minst dei ni hårnålssvingane og Utsikten på fjellet. Ei strekning utan tunellar, faktisk.

I 2019 valde vi å bli Norsk Økoturisme-bedrift. Vi har eit stort ønske om å vise fram og ta vare på dei lokale ressursane, både når det gjeld folk, mat, natur, kultur og historie. Vi er opptekne av miljøet, og det er ein stor verdi for oss å kunne gjenbruke både bygningar, materialer, møblar og tekstilar, -gjerne la den gamle tid møte den nye. Vi ønsker å bruke naturen, men bruke den skånsomt. Vårt mål er å resirkulere avfall i størst mogeleg grad, ha minst mogeleg matsvinn, og la utslepp både i luft og vatn vere minst mogeleg til skade. Dette er viktige verdiar for oss, som vi håpar mange av våre gjester også kan dele med oss.

Tek du turen til Flatheim får du oppleve eit område som ligg litt utanfor dei sterkaste turiststraumane, som likevel byr på store naturopplevingar, levande bygder, ro og fred. Velkommen til oss!

Les mer