Herdalssetra

Norsk økoturisme
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Dalssida 160
6214 Norddal
Telefon 97012035 / 70259108 / 94823687
Lengdegrad 7.340066
Breddegrad 62.188098

Velkomen til Herdalssetra og Dale gard! Gards- og seteropplevingar og Økoturisme. Med sine om lag 35 små og store hus – samla i ei tett klynge, er Herdalssetra ein svært særmerkt seterstøl.

Herdalssetra ligg i hjartet av verdsarvområdet – Vestnorsk fjordlandskap, der del nord er så å seie identisk med Geiranger-Herdalen landskapsvernområde. Varig vern av vassdrag og landskap dannar grunnlaget for plassen på World Heritage List, som omfattar verdas viktigaste natur- og kulturarv.

Den idylliske Herdalssetra i Norddal har 300 års ubroten setertradisjon, og er – med sine 400 mjølkegeit – ei av dei største fellessetrane for geit i landet. På setra er det også kje, sauer, kyr og fjordhestar. På Herdalssetra finn ungane eit ekte leikeland med naturlege seteraktivitetar. Setergrenda har eit unikt bygningsmiljø med over 30 gamle seterhus som ligg i klynge. I tillegg mange hustufter etter tidlegare gards- og seterdrift. Inntil byrjinga av 1700-talet var det fast busetnad, og garden si historie går attende til vikingtida.

Gamle tradisjonar blir haldne i hevd med ysting av brun og kvit geitost og produksjon av ekte geitmjølkskaramellar. Her kan du som gjest delta på ei vandring i tid, lukt og smak, der du er innom «den gamle garden» – historia om dei mange gamle hustuftene, gamle sel og fjøs, ysting og smaking av ost, og får informasjon om den «moderne» fellessetra frå 1960.

Herdalen sine mange elver og vatn er varig verna mot kraftutbygging, og byr på fint fiske. Du kan leige båt og prøve fiskelykka. Herdalen har spor etter busetjing frå tidleg fangstkultur, m.a. store fangstanlegg for rein. Kallskaret naturreservat – kjent for spennande geologi – ligg om lag 2 timars fottur frå Herdalssetra, og er også vel verdt eit besøk.

Åshild Dale og Jostein Sande har sidan 1983 dreve gardsbruk i Dale – gnr. 49/bruk nr. 11 – med seterdrift på Herdalssetra, og 1/6 av den store fjellgarden Herdalen – gnr. 50 – har vore i familiens eige sidan 1700-talet. Gard og seter er også i dag ein heilskap – både i matproduksjon og opplevings- og aktivitetstilbod, agro-/geoturisme – økoturisme. Dyra er på setra frå midten av juni til midten av september, men også utanom denne tida er det muleg å kome til seters.

Les mer