Glesvær Rorbu

Oversiktsbilde Glesvær   Fotograf: Morten Eide

Er ein heldig kan ein sjå havørn på Glesvær   Fotograf: Aasheimmedia

Glesværs kjennemerke: Lomviene av Kyrre Grepp   Fotograf: Aasheimmedia

Naust på Glesvær   Fotograf: Mona Helen Kroksveen

Rorbu type A   Fotograf: Karianne Johnsen

Båthavnen på Glesvær   Fotograf: Karianne Johnsen

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Bente Blomvågnes-Bakke
Adresse Holmen 11
5381 Glesvær
Telefon 95187323
Lengdegrad 5.041013
Breddegrad 60.203101

Glesvær Rorbu har 8 koselege rorbuleiligheter til utleige. 4 med 2 doble soverom for 4 personer og 4 med 3 doble soverom for 6 personer. Til kvar rorbu er det mogeleg å leige båt med påhengsmotor. Me kan også tilby eit lokale som passer for selskap og møter for opptil 35 personar i den midterste rorbuen ved marinaen. Me har alle tekniske hjelpemidler; som wifi, prosjektor, lerret, flippover osb.

Glesvær har vore sentrum for lokal handel og sjøfart i fleire hundreår. Første gong vi høyrer om Glesvær er i 1664. Då fekk bergenskjøpmannen Henrich Wessel handelsprivilegium her. Som væreigar var han småkonge på staden. Alle måtte levera fisken til han. Han fastsette prisen, og pengane han punga ut fekk han stort sett att på krambua eller i skjenkestova som han òg eigde. I fleire hundre år var Glesvær det største fiskeværet på Sotra. Hovudbygningen som væreigaren fekk oppført i 1688 står framleis nede ved kaia og vert no nytta som privathus. Bente og Hans Arne Blomvågnes-Bakke er no femte generasjon som driv Handelstaden.

I dag er plassen ein ynda plass for byfolk, og ein naturleg stad å samlast for dei lokale fastbuande. Turister frå Europa, og særleg dei frå Tyskland, er ivrige havfiskare, og kjem attende år etter år for å fiske. Utafor det store naustet ved kaien er det etablert sløyeplass med tilgang til vatn og egna bord.

Les mer