Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus.   Fotograf: Privat

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus   Fotograf: Privat

Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Bjelkarvikvegen 7
5652 Årland
Telefon 94320603
Lengdegrad 5.736623
Breddegrad 60.399653

Ei lita perle midt mellom Bergen og Hardanger. Hjå oss kan du finne ro i vakre omgjevnader, nyte eit smakfullt måltid i den romantiske spisestova og gå til ro i historiske rom. Uansett anledning vil me skape den beste ramma for ditt opphald. Velkomen til oss!

Overnatting

Me kan tilby fire varme og lune rom med tilsaman åtte sengeplassar og to bad. Kvart rom har sitt eige særpreg, men den originale tømmerveggen vil du finne att i alle romma. Også dørene og golva er henta fram og restaurert til det opphavelege. Dette gjer at du kan sove deg gjennom ein 100 år lang historie. Sov godt..

Matfilosofi

I mitt kjøken står dei ekte og naturlege smakane i fokus. Eg ynskjer å kombinera tradisjonelle råvarer, med nye og spanande smakar fra alle kontinent. På denne måten håpar eg å skapa noko nytt med respekt for det gamle. Eg er utdanna kokk, og har jobba meg gjennom Noreg fra Pasvikdalen i nord til Stavanger i sør. Pasvik Taiga var mitt første møte med eit reindyrka konsept basert utelukkande på lokale råvarer. Dette fasinerte og utfordra meg på alle måtar, og eg har bygd videre på denne kunnskapen gjennom karrieren. Eg veit no at nøkkelen ligg i det å våge å være liten nok til at det fell naturleg å gjera alt sjølv. I Sigmundstovo Gjestehus lagar me alt sjølv, i godt samarbeid med lokale bønder. Hjå oss kan du nyte heimelaga syltetøy og pålegg til frukost, fisk fra fjorden til lunsj, og til middag serverer me deg gjerne lokal hjorte- eller villsaukjøt tilbereda med inspirasjon fra hele verda. Velkomen til bords!

Les mer