Opplev Undredal

  Fotograf: Jostein Tunold

  Fotograf: Jostein Tunold

  Fotograf: http://www.naroyfjorden.no/verdsarvbygdene/undredal/

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Opplev Undredal AS
5746 Undredal
Telefon 95039881
Lengdegrad 7.10297
Breddegrad 60.950307

Velkomen til Undredal – midt i verdsarven! Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap med delområde Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart innskrive på UNESCO Verdsarvliste i 2005. Nærøyfjord- og Geirangerfjordområda vert rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden.

Deira unike naturvenleik kjem av dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekkjer seg frå 500 m under vassflata til 1400 meters høgde over Norskehavet. Eit utal fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan talrike frie elvar renn frå takkete fjell, brear og bresjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden. Eit stort mangfald av andre naturfenomen på land og i vatn med m.a. undersjøiske morenar og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga. Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.

Undredal er ei særprega og koseleg bygd midt på fjordstrekninga mellom Flåm og Gudvangen, ein biltur på rundt 10 minuttar frå Flåm. Når du kjem ned dalen finn du ei bygd der husa ligg tett i tett, som er kjend for stavkyrkja og den kvite og brune Undredalsosten. Undredal stavkyrkje var bygd rundt 1147 og var nemnd i eit kyrkjebrev for fyste gong omkring 1320. Vi kan mellom anna tilby eit besøk til visningssenteret Eldhuset, der du kan finne utstillingar om ysting og om mognings prosessen til osten. Eldhuset tilbyr òg ulike program om lokale tradisjonar, om bruket av landskapet før og no, og om UNESCO og Nærøyfjorden sin verdsarvstatus. Ein smaksmeny av lokale ostar og anna tradisjonsmat fyljer med programmet. Eldhuset er ope mellom 1. mai og 30. september, eller etter avtale. Ikkje mange meterane frå Eldhuset ligg Undredalsbui, der du kan få kjøpt den lokale kvite og brune geitosten, geitepølse, suvenirar og meir. Opplev Undredal tilbyr òg overnatting i leilegheiter og camping.

Les mer