Aukrust gard og urteri

Vi skreddarsyr gavepakningar!

Urtehagen mot solbrun tømmervegg, i huset som diktaren Olav Aukrust voks opp i.

Hauststemning mot Flåklypa

Grieg-konsert i Urtehagehuset

Bondens Marked Debio Godkjent
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Franziska Aukrust
Adresse Solsideveien 449
2686 Lom
Telefon 61 21 12 15
Lengdegrad 8.495384
Breddegrad 61.817605

Aukrust Gard og Urteri ligg solvendt under Lomseggen - med dei høgste fjell i Nord-Europa rundt omkring. Hos oss vil du finne næring for kropp og sjel, - vi har vakker urtehage og ein omattande urteproduksjon. I gardsbutikken finn du landets største utval av økologisk te og krydder, spekpølser frå eigne dyr og grønt i sesongen. I urtehagehuset har vi utstillingar, konsertar - eller servering for opp til 50 personar. Ta kontakt så skreddarsyr vi eit opplegg!

Garden er heimstaden til diktaren Olav Aukrust (1883 - 1929). Vi kan tilby omvisning i dei gamle stovene der han voks opp, gjerne kombinert med gardsomvisning. Vi kan vektlegge meire den kulturhistoriske sida, - eller tema som urtedyrking og bruk, hagehistorie, økologi og bio-dynamisk jordbruk. Garden er driven økologisk / bio-dynamisk sidan 1985. Etter kvart har urtedyrking og foredling vorten spesialiteten. Vi leverer te og krydder over heile landet, - men det største utvalet finn du i gardsbutikken. Sjølv om vi har slutta med mjølkeproduskjon har vi ammekyr, gris og høns, - kjøttet foredlar vi til 4 spanande spekepølsevariantar med eigne krydderier. Urtehagehuset er ein stavkonstuksjon, med svaleganger ut mot urtehage og dyrkingsfelt. Her har vi ymse kulturelle arrangement i sumarhalvåret, eller tilbyr foredrag eller servering.

Les mer