Lutro Gard

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Helga Opedal
Adresse 5781 Lofthus
Telefon 95237206
Mobiltelefon 95237206
Lengdegrad 6.666404
Breddegrad 60.354963

Gardsbutikken på Lutro er lagt til unike lokaler. Den gamle grindaløa frå 1878 står like fin i dag, med gråsteinsmurar og skifertak. Me har lagt stor vekt på estetikk og at det skal vera ei oppleving å vitja butikken. I dag finn du ein fin kombinasjon mellom ny og gamal tid i lokala, noko kombinasjonen med moderne foto og gardsmat er med å underbyggja. Å ta turen innom butikken på Lutro Gard er ei oppleving for både ung og gamal.

Lutro Gard ligg i Hardanger i Ullensvang herad. Garden ligg ved Sørfjorden omlag 2,3 kilometer frå Lofthus og 7,8 kilometer frå Kinsarvik.

Lutro Gard vert i dag dreven av ekteparet Helga Opedal og Olav Strand. Garden har lange tradisjonar som fruktgard og har vore i Helga sin familie sidan 1706. På Lutro Gard finn du både produksjon og vidareforedling av frukt, gardsmat utsal og fotogalleri.

Me kan tilby gardsbesøk med vandring i frukthage, omvising i produksjonslokaler, handling i butikk, smaksprøver og overnatting for dei som måtte ynskje det. Overnatting i fullt utstyrt høgstandardhytte som leies ut. Flott utsikt over fjorden og Folgefonna, og mange fine stier opp mot Hardangervidda. Muligheter for fiske og leie av båt.

I butikken er det sal av gården sine eigne produkt, samt lokal mat som syltetøy og eplesaft. For opningstider av butikken, ta kontakt med gården på telefon 952 37 206.

Butikken fungerer og som galleri og her kan du få kjøpt flotte fotografier, både i svart/kvitt eller fargar.( Motiva er henta frå Hardangervidda i nord til Cuba i sør). Me har og noko husflid, nydelege produkt frå Liv Strand i skinn og vevnad.

Bestilling direkte til oss

Les mer