Petrines Gjestgiveri

Kjekjøt etter gammal Norddalsoppskrift   Fotograf: Esten Borgos

Aurefiske på Storvatnet   Fotograf: John Kåre Storås

  Fotograf: Kristin Støylen

  Fotograf: Kristin Støylen

  Fotograf: Kristin Støylen

  Fotograf: Kristin Støylen

  Fotograf: Kristin Støylen

  Fotograf: Kristin Støylen

  Fotograf: Kristin Støylen

  Fotograf: Kristin Støylen

Noko av personalet på kjøkenet.   Fotograf: Ingvild Hansen Nystad

Heimelaga burger med sommarsalat.   Fotograf: Petrines Gjestgiveri

Bringebærmousse med friske bær til dessert.   Fotograf: Petrines Gjestgiveri

Miljøfyrtårn Norske Akevitters Venner Samarbeidspartner Norsk Kulturarv
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Susanne Moen Ouff
Adresse Rellingsvegen 44
6214 Norddal
Telefon +47 922 34 820
Mobiltelefon 92234820
Lengdegrad 7.234816
Breddegrad 62.252594

Petrines Gjestgiveri ligg idyllisk til ved Norddalsfjorden, midt mellom Geiranger og Trollstigen. Frå den vesle bygda Norddal kan du oppleve alle dei store attraksjonane like ved, og samtidig trekke deg tilbake frå den travle turiststraumen. Dette er staden for deg som ønskjer å oppleve den mektige sunnmørsnaturen med litt lågare puls, vere saman med familie eller gode vener, ete lokal mat og sove i gode senger.

Petrines Gjestgiveri var bygd som aldersheim i 1916 og vart teken i bruk som gjestgiveri i 1992. Vi har ti dobbeltrom, alle med eige bad. To av roma ligg i 1. etasje, det eine er tilpassa rullestolbrukarar. Vi har og fem familieleilegheiter om lag 240 meter frå hovudhuset, rett ved fjorden. Her kan du lage til mat sjølve på eit lite te-kjøken, om du vil.

Restauranten og frukostsalen vår ligg i 2. etasje og har fin utsikt mot fjorden. Her serverer vi mat frå bygda sitt eige spiskammers, noko tradisjonelt og noko nytt. Etter middagen kan du nyte kveldsola på balkongen og nyte utsikten mot fjorden. Kanskje du let deg friste av kaffi og nybaka eplekake, eller ferske bringebær?

I perioden 10. juni - 11. september har vi sommarope i restauranten. Vi serverar lunsj kvar dag kl 13-17. Tre rettar lokal middag vert servert kl 18 og kl 20. Elles i året er vi ope på bestilling for små eller større grupper. Vi har og moderne møtelokale i annekset vårt som ligg ca 240 meter frå hovudhuset. I samarbeid med Melchiorgarden B&B har vi til saman 19 einerom for deg som vil ta med kolleger, styret eller andre forretningsforbindelser til oss.

Fjella langs fjorden kan sjå ugjestmilde og bratte ut, men det finst eit nett av merka stiar som tek deg opp i høgda, til fiskerike fjellvatn og sildrande bekkar. Saman med andre i bygda har vi eit nettverk av lokale produsentar og opplevingsverksemder; ”The Happy End – Norddal”. Hjå oss kan du få eit utval opplevingar basert på lokal kultur og tradisjonar. Ti minutt unna med bil ligg både Herdalssetra og Rellingsetra som innfallsportane til Verdsarvområdet Geirangerfjord. På Herdalssetra finn du framleis aktiv seterdrift med 350 geit som beitar i utmarka og kjem heim til fjøsen om kvelden.

Åpningstider: 10. juni - 11. september: kvar dag. Elles: på bestilling
Kapasitet: Inntil 60 seteplassar. 10 doble rom med bad, fem familieleiligheter med dobbelt soverom, dobbelt sovesofa i opphaldsrommet, kjøkenkrok og stort bad, tre dobbeltrom med delt bad Melchior-garden. Til saman 48 senger fordelt på 19 einingar.
Meny og priser: Rom frå kr. 700 per person/natt. Lunsj frå kr. 95,-, tre rettar middag kr. 425,- Vi sender deg meny og prisar på bestilling. Sjå også www.petrines.com eller facebooksida vår.
Bestilling: Alle vert råda til å bestille bord til middag, også buande gjester.
Diverse: I leilighetene kan du velje å ordne mat og sengekle sjølve, eller bestille alt hjå oss.

Les mer